Tilsynskampanje med radon i utleigebustader

Alle som leiger ut bustad i Norge skal måle Radon. No gjennomfører Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) tilsynskampanje med utleigarar.

Radon er den nest vanlegaste årsaka til lungekreft i Noreg, etter røyking. Kvart år reknar ein med at radongass bidreg til om lag 300 dødsfall (1,2). Gassen blir danna ved nedbryting av uran i berggrunnen, og kan sive inn i bustader gjennom sprekker i grunnmur eller andre opningar. Radon kan verken sjåast, luktast eller kjennast – einaste måten å avdekke den på er å måle.

Radon gjev ikkje akutte helseskadar, men risikoen kjem ved langvarig eksponering. Difor er det særleg viktig å kjenne nivåa i eigen bustad – og i skular og barnehagar der barn oppheld seg. Barn og unge er meir sårbare for stråling enn vaksne (3). Av den grunn er radonmåling alltid eit tema når Folkehelseavdelinga fører tilsyn i skular og barnehagar.

Folkehelsavdelinga sitt nedslagsfelt har nokre områder med kjent høg førekomst av Radon, desse områda kan ein finne ved å søke i eit radonkart. Sjølv om ein ikkje bur i eit område med kjent høg førekomst kan ein sjå lokale forskjellar, og høgare målingar i enkelte områder. Folkehelseavdelinga støttar DSA si kampanje for å auke bevisstheit på området.

Å måle radon er enkelt og kostar som regel berre nokre hundrelappar. Målinga skal gjerast i vinterhalvåret, frå midten av oktober til midten av april, og pågå i minst to månader. Leilegheiter frå og med tredje etasje over bakkenivå treng vanlegvis ikkje målast.

Dersom du ønskjer å måle radon, kan du ta kontakt med eit firma som sel radonmålingar. Norsk Radonforening har ei oversikt over medlemsfirma på sine nettsider, men det finst også andre leverandørar. På dsa.no finn du meir informasjon om måling av radon(4).

Kjelder: 1: https://kreftforeningen.no/forebygging/kreftfremkallende-stoffer/radon-og-kreft/

2: https://dsa.no/radon/helserisiko

3: https://www.fhi.no/kl/straling/mer-om-straling/helseeffekter-av-ioniserende-straling/

4: https://www.dsa.no/radon/slik-maler-du-radon

5: https://www.dsa.no/nyheter/tilsynskampanje-med-radon-i-utleieboliger

Artikkelliste