Kinn Kommune

Koronavirus

Koronavirus

Korona-råd til barnehagar og skular ( 03.03.2020 )

Dette er informasjon til barnehagar og skular om korleis handtere situasjonen med koronaviruset. Folkehelseavdelinga føl råd frå nasjonale myndigheter om koronavirus. Det er med atterhald om at råda kan bli endra på kort varsel.

Snakk med barna og tilsette om sjukdomen 

  • Ein kan bli redd når ein høyrer om koronavirus, og det er viktig å gi faktabasert kunnskap om sjukdomen. I informasjonen til barn og vaksne kan det framhevast at dei fleste som blir smitta av koronavirus ikkje blir alvorleg sjuke.

Fokus god hygiene

  • Gi informasjon om god handhygiene. Det er spesielt viktig å vaske hendene før måltid og unngå å ta seg til munn, nase og auge med uvaska hender. Mobiltelefonen kan også vere ei smittekjelde.
  • Minn om at ein må hoste eller nyse i albogekroken eller i eit papirlommetørkle.

Handtering av sjukdom hos barn og vaksne

  • Ha lav terskel for å sende sjuke barn heim frå barnehage og skule.
  • Foreldre bør oppmodast til å halde barna heime ved sjukdom for å hindre spreiing av smitte.
  • Ved mistanke om sjukdom med koronavirus skal den det gjeld halde seg heime og kontakte lege.
  • Vi anbefaler ikkje at barn eller personale brukar munnbind. Feil bruk er vanleg, og personar som brukar munnbind, tar seg oftare til ansiktet, noko som kan auke smittefaren. Om barn møter opp med munnbind, bør foreldra kontaktast og informerast om at dette ikkje er nødvendig eller ønskeleg.

Aktivitetar på skulen

  • Barnehagar og skular kan ha aktivitetar som normalt, men i periodar med mykje smitte kan det vere lurt å vurdere om det er mulig å unngå tilrettelegging av aktiviteter som medfører unødig mykje nærkontakt for barna.
  • Større barn kan oppmodast til å unngå nærkontakt i form av klemmar.

Tilrettelegging i bygget

  • For å redusere smittespreiing anbefalast styrka reinhald i opphaldsrom. Det er spesielt viktig å vaske over kontaktflater som til dømes dørhandtak.  
  • Sørg for spritdispensere dersom det ikkje er tilgang til såpe og vatn. 
  • Det kan hengast opp plakatar som minner barn og vaksne om å vaske hendene.

Informasjon til foreldre

  • Barnehagane og skulane er anbefalt å ha god dialog med foreldre, og vise til oppdaterte nasjonale råd. 

 

Informasjonsvideo for barn og unge

 


For råd om førebygging, handtering av sjukdom og andre spørsmål viser ein til Folkehelseinstituttet sine råd til befolkninga.
 

 

 

FHI: koronavirus portal

FHI: råd til befolkinga