Kvifor er radon farleg?
Radon gjev frå seg radioaktiv stråling som aukar risikoen for å utvikle lungekreft seinare i livet. Det er eksponering for radon over lang tid, samt høge radonnivå som aukar risikoen for å utvikle lungekreft. Les meir om helserisiko frå radon på Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) sine nettsider.
Plikt til å måle i utleigebustader
Alle som leiger ut ein bustad skal kunne dokumentere at radonnivået i utleigebustaden er innanfor grensene i strålevernforskrifta. Dette gjeld både dei som leigast ut av det offentlege, av verksemder og av private. Dokumentasjon på radonnivåa og eventuelle planlagde eller gjennomførte tiltak skal vere tilgjengeleg for leigetakar. Dokumentasjonen skal også vere tilgjengeleg ved eit eventuelt tilsyn frå kommunen i høve miljøretta helsevern.
Plikt til å måle i skular og barnehagar
Det må vere utført målingar i alle skular og barnehagar for å kunne dokumentere at nivåa er innanfor grensene i strålevernforskrifta. Det skal gjennomførast målingar etter større ombyggingar og i nye bygg i løpet av det første vinterhalvåret. Deretter skal det målast radon regelmessig.
Kor ofte ein må måle er avheng av kva ein har målt før. Dersom det tidlegare er målt så høge radonnivå at ein måtte gjere tiltak, må ein gjennomføre målingar i etterkant av utførte tiltak. Deretter er det tilstrekkeleg å måle kvart tiande år, føresett at det ikkje har skjedd bygningsmessige endringar, endringar ved ventilasjonen eller at det har skjedd endringar i grunnforholda.
Kva område er utsett for radon?
Ein kan ikkje friskmelde eit område utan å måle, det er også store lokale variasjonar i radonutslepp. To nabohus kan med andre ord ha heilt ulike radonnivå.
Norges geologioske undersøkelse (GGU) har eit nasjonalt aktsemdskart for radon. Dette viser kor utsett ulike områder i Noreg er, altså om det er høg eller låg sannsynlegheit for at det er mykje radon i berggrunnen. Sjølv om kartet viser at risikoen er moderat til lav i ditt område, “friskmelder” ikkje dette området. Grunna lokale variasjonar kan ein også få høge radonmålingar i områder med moderat til lav risiko.
Korleis utføre radonmåling
Helsemyndigheitene tilrår at radonmålinger blir utførte som langtidsmålingar med sporfilm i minst to månader frå midten av oktober til midten av april. Du bør ha minst to sporfilmar i ein bustad og minst ein per etasje. For å måle radonkonsentrasjonen, ta kontakt med ei privat bedrift som sender deg sporfilmar.
Alle bustadseigarar bør måle radon, med mindre ein bur i tredje etasje over bakkenivå eller høgare. Kvar bustadeigar har sjølv ansvar for dette. Nybygg skal ha førebyggjande tiltak mot radon.
Arbeidsgjevar må også vurdere å måle, finn meir informasjon på arbeidstilsynet si nettside om radon.
Kva gjer ein med høge nivå?
Målar du over 100 becquerel per kubikkmeter luft (Bq/m3) i bustaden, bør du gjere tiltak. Tilrådd grenseverdi er 200 Bq/m3. Det fins gode og effektive tiltak mot radon. Ein kan til dømes auke ventilasjonen for å lufte ut radon, ein kan tette bygget slik at radon ikkje siv inn eller ein kan lage ein radonsug eller radonbrønn slik at radongassen blir leia vekk. Les meir på DSA si nettside “Tiltak mot radon i inneluft”.
Radon frå borebrønnar
Radon i vatn kan vere ein årsak til forhøgd radonkonsentrasjonar i luft. Risikoen gjeld for hus som har vassforsyning frå private borebrønnar, ikkje for hustandar som har kommunal vassforsyning.