Kinn Kommune

Om Folkehelseavdelinga

Om Folkehelseavdelinga

Folkehelsearbeid kan definerast som ". . . samfunnet sin totale innsats for å opprettholde, betre og fremje folkehelse. I dette ligg betydninga av å styrke verdiar som gjev det enkelte individ og grupper moglegheiter for ansvar, deltaking, solidaritet, meistring og kontroll over eige liv og situasjon".

Folkehelselova set strenge krav til det førebyggande helsearbeidet i kommunane. Føremålet med lova er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og utjamnar sosiale helseforskjellar. Folkehelsearbeidet skal fremje befolkinga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. Lova skal sikre at kommunar, fylkeskommunar og statlege helsemynde set i verk tiltak og samordnar si verksemd i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte. Lova skal legge til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.

Det har blitt oppretta eit interkommunalt samarbeid mellom Askvoll, Bremanger, Fjaler, Høyanger, Kinn, Sunnfjord og Stryn kommune. Kinn kommune er vertskommune, og arbeidet vert utført av Folkehelseavdelinga i rådmannen sin stab. Samarbeidet skal bidra til å oppfylle kommunane sitt ansvar til innbyggjarane i høve miljøretta helsevern, smittevern og  førebyggande samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse. 

I St.meld nr. 47 (2008-2009) ”Samhandlingsreforma” er eit viktig mål å auke livskvaliteten og auke satsinga på helsefremjande og førebyggande arbeid. Folkehelseavdelinga ynskjer å aktivt bruke Samhandlingsreforma som plattform for oppbygging og styrking av det førebyggande folkehelsearbeidet. Vi vil ha fokus på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid for å ivareta innbyggjarane sine behov for helsehjelp, og å gjere dette på ein slik måte at det fremjar folk si helse og betrar livskvaliteten. Vi ynskjer å skape gode oppvekstvilkår for born og unge og legge til rette for sunne levevanar, tryggleik, inkludering og deltaking.