Kommunen skal ha ein skriftleg oversikt over helsetilstanden til befolkninga og dei positive og negative faktorar som kan verke inn på helsetilstanden. Plikta til å ha oversikt er forankra i Folkehelselova, Smittevernlova, Forskrift om oversikt over folkehelsen (folkehelseforskrifta), Forskrift om miljørettet helsevern og Forskrift om kommunenes helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten.
Dokumentet skal identifisere folkehelseutfordringar og ressursar. Det skal og innehalde faglege vurderingar av årsaksforhold og konsekvensar. Kommunen skal vere spesielt merksam på trekk i utviklinga som kan skape eller oppretthalde sosiale eller helsemessige problem, eller sosiale helseforskjellar. Det skal utarbeidast eit samla helseoversiktsdokument kvart fjerde år som skal ligge til grunn for det langsiktige systematiske folkehelsearbeidet. Dokumentet skal vere klart før start av arbeidet med planstrategien, og danne grunnlag for fastsetting av mål og strategiar. Kommunen skal samarbeide og utveksle informasjon med fylkeskommunen i arbeidet med oversiktsdokumentet. Kommunen skal jobbe systematisk med å ha kontinuerleg oversikt over helsetilstanden til befolkninga.
Helseoversikten skal baserast på:
- Opplysingar frå statlege helsemyndigheiter og fylkeskommune
- Kunnskap frå dei kommunale helse- og omsorgstenestane
- Kunnskap om faktorar og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innverknad på befolkninga si helse
I følgje folkehelseforskrifta skal oversikta gi opplysingar om og vurderinga av:
a) Befolkningssamansetnad
b) Oppvekst- og levekårsforhold
c) Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø
d) Skadar og ulykker
e) Helserelatert åtferd
f) Helsetilstand
I prosjektet med å utarbeide eit helseoversiktsdokument har følgjande kommunar delteke heilt eller delvis på møtesamlingar: Askvoll, Bremanger, Fjaler, Kinn, Sunnfjord, Høyanger, Solund, Hyllestad og Stryn.
Prosjektet er organisert på følgjande måte:
- Styringsgruppe som består av rådmenna for kommunane
- Prosjektgruppe som består av prosjektleiar og Folkehelseavdelinga i Flora
- Arbeidsgrupper med representantar frå plan, utdanning og helse.
Arbeidsgruppene har tatt utgangspunkt i Helsedirektoratet sin vegleiar Oversikt over helsetilstand og påvikningsfakorter: God oversikt – En forutsetning for god folkehelse, og gjort ein seleksjon over tema som er viktige å fokusere på. Ein har henta inn statistiske data til ein statistikkbank. Vidare seleksjon av tema og data vart gjort inn i eit arbeidsdokument for å få meir oversikt. Arbeidsdokumentet legg grunnlaget for data og tema selektert for helseoversiktsdokumentet.
Det har vore viktig at gruppa har vore tverrfagleg med representantar frå helse, plan, oppvekst samt medlemmar med samfunnsmedisinsk kompetanse. Dette ikkje berre for å auke den tverrfaglege kompetansen i gruppa, men også for å betre forankringa av helseoversiktsdokumentet i kommunal administrasjon og leiing.
Helseoversiktsdokumentet skal danne eit grunnlag for framtidige statistikkbankar på internett i form av til dømes folkehelsepakkar på www.samhandlingsbarometeret.no. Dette vil truleg lette vidare arbeid med kontinuerleg oversikt i framtida.
De finn meir om prosjektet på www.folkehelseoversikt.no