Drikkevatn

 Forureining av vasskjelde for drikkevatn med avføring frå mennesker og dyr utgjer den største risikoen for sjukdom via drikkevatn. I følge Drikkevannsforskriften frå 4. desember 2001 skal drikkevatn frå vannverk alltid være desinfisert. Desinfeksjonen skal sikre mot aktive smittestoffer i vannet. For at desinfeksjonsprosessen skal vere effektiv, må den utførast korrekt og sikrast. Parametre, metodar og grenseverdiar til kontroll av at drikkevannet er fritt for smittestoffer, finn ein i drikkevannsforskriften.

Det vert tatt vassprøvar av vatn levert frå dei kommunale vassverka etter ein fastsett prøveplan.Vassprøvane vert analyserast ved godkjent laboratorium. Analyseresultata vert vurdert i forhold til drikkevassforskrifta sine krav. Det er etablert rutinar for å handtere ein eventuell situasjon som måtte oppstå der drikkevasskvaliteten viser seg ikkje å vere tilfredsstillande.

Dersom du har privat anlegg kan du få hjelp til analyse hjå:


Arbeid på eksisterande kommunalt vannledningsnett
Før det kan utførast arbeid på eksisterande kommunal vassleidningsnett må det sendast inn røyrleggarmelding til teknisk drift og prosjektleiing.

Private stikkledningar
Det vert rekna som privat stikkleidning til og med tilknyting på kommunal leidning. Det er eigar som har ansvaret for vedlikehald og drift av privat stikkleidning. Har du behov for gå over annan grunneigar sin eigedom for å knytte deg på kommunal leidning krev dette skriftleg løyve frå vedkommande grunneigar. Slikt løyve bør tinglysast.

For meir informasjon:

Forskrift om vannforsyning og drikkevann (Drikkevannsforskriften)

Folkehelseinstituttet: Smittespredning gjennom drikkevann

Folkehelseinstituttet: Drikkevann i spredt beggyggelse og på hytta (gode tips til forbetring av vasskvaliteten)