Forureining

Luftforureining
Luftforureining er eit lite problem utanfor bystrøk i Vestland, og risikoen for helseproblem knytt til dette er lav. Dei vanlegaste kjeldene til luftforureining er vegtrafikk, vedfyring, industriutslepp og bråtebrenning. Kommunen skal sørge for at det vert gjennomført tiltak dersom det er fare for at krava i om lokal luftkvalitet i Forurensingsforskriften vert overskride. Det er dei ansvarlege for forureininga som må koste nødvendige tiltak og utgreiingar.

Folkehelseinstituttet: Forurensing i uteluft

 

Forureining til vatn og grunn
Skadeverknadane av forureina vatn og grunn kan spenne frå direkte helseskade til opplevd ulempe. Den vanlegaste årsaka til dette er utslepp av kloakkvatn og kjemikalier. Forureining av vatn og grunn er viktig fordi vi vert eksponert for dette via drikkevatn og badevatn. Det er teknisk etat i kommunane som har ansvar for vasskvaliteten på drikkevatnet.

Folkehelseinstituttet: Kjemiske og fysiske stoffer i drikkevann

Forurensingsforskriften