Inneklima

Innemiljø
Inneklima er viktig for både helse og trivsel. Med omgrepet inneklima meinast faktorane temperatur, luftkvalitet, støy og klang, lys og stråling og ergonomiske forhold. Effekt av eit dårleg inneklima kan variere frå mild komforteffekt til ulik helseeffekt.

Innemiljø og sjukdom
Vi oppheld oss det meste av livet vårt innomhus og difor vert kvaliteten på inneklima heilt avgjerende for vår livskvalitet og helse. Det kan vere vanskeleg å påvise at plager skyldast inneklimaforholda.

Kontrollverksemd
Arbeidet vårt omfattar mellom anna kontroll med born sitt inneklima i skular og barnehagar, samt registrering av muggsopp i bustader der folk kan ha blitt sjuke.

Folkehelseinstituttet: Inneklima

Folkehelseinstituttet: Lover og regler som regulerer inneklima

Folkehelseinstituttet: Faglege normer for inneklima

Helserådet nr. 23/13 - spesialnummer om inneklima