Skabb

Vi ser ei auke i talet på personar med påvist skabb, også i barnehagar og skular. Auken gjeld for alle aldersgrupper, men er mest uttalt i gruppa 15-30 år.  Kva som er skuld i denne auken er ikkje sikkert.

Denne informasjonen gjev opplysning om korleis skabb opptrer og kva førehandsreglar den enkelte må ta.

KVA ER SKABB ?

Skabb er ein midd som lever og legg egg i gangar som han grev i det øvste hudlaget.

KORLEIS SMITTAR SKABB?

Skabb kan smitte ved direkte hudkontakt, ved seksuell kontakt og i einskilde tilfelle via tekstilar. Midden trivst best i varmt miljø som til dømes i ei seng. Lege kan stille diagnosen ved å finne skabbmidden i huda og påvise han i mikroskop. Skabbmidden måler 0,3-0,5mm.

SYMPTOM

Det vanlegaste symptomet er sterk kløe som hjå dei fleste blir verre om kvelden og om natta. Kløen startar som regel 4-5 veker etter smitte. Ein kan ikkje sjå sjølve skabbmidden utan mikroskop, men dei fleste får eit raudt utslett, oftast mellom fingrane, på handledda, olbogane, rundt midja, på låra og kjønnsorgana.

BEHANDLING

Ved mistanke om skabb bør du kontakte lege som kan finne skabbmidd og stille diagnosen. Nix krem 5 % får du kjøpt reseptfritt på apoteket. Barn over 2 månader og gravide kan også bruke Nix krem.

KORLEIS GJER DU DET?

  • Det er lurt å starte behandlinga om kvelden.
  • Dusj eller ta eit bad og tørk deg godt.
  • Smør middelet på i eit tynt lag over heile kroppen frå hovudbotn (inkludert ansikt) til fotsålar. Hugs å smørje mellom fingrar og tær, under negler, i armholer, navle, brystvortene, kjønnsdelane og omkring endetarmen.
  • Bruk bomullshanskar (kan kjøpast på apotek) den tida behandlinga varer. Dersom du må vaske hendene i løpet av behandlingstida, må hendene smørjast inn på nytt.
  • Etter at du har smurt deg inn, byter du sengetøy. Ta på deg reint undertøy/nattøy og ha det på deg til neste dag (minimum 12 timar).
  • Dagen etter dusjar eller badar du på nytt og byter undertøy og sengetøy.
  • Gjenta behandlinga med Nix krem etter ei veke! Følg same prosedyre med å skifte klede og sengetøy.

ER DET MEIR SOM MÅ VASKAST?

Klede du har brukt siste 5 dagar må vaskast på 60 grader. Det som ikkje toler så høg temperatur, kan du pakke i plastposar og la ligge i minimum 5 døgn. Madrassar skal stå ubrukt i minst 5 døgn. I klede eller sengetøy som ikkje er i bruk i minimum 5 dagar, vil midden døy av seg sjølv.

MÅ ANDRE I FAMILIEN FÅ BEHANDLING?

Personar du har nærkontakt med bør behandlast sjølv om dei ikkje klør. Med nærkontakt meiner vi dei du har delt sengetøy, klede o.l. med. Alle i husstanden bør ta behandling på same tid.

KAN SKABB SMITTE FRÅ MENNESKE TIL HUSDYR?

Nei.

KAN EG VERE SIKKER PÅ AT EG IKKJE HAR SKABB LENGER?

Det er vanleg å klø i fleire veker, sjølv om behandlinga har vore effektiv. Dersom du klør mykje etter Nix-behandlinga, kan du bruke ein svak kortisonsalve som du får kjøpt på apotek utan resept. Dersom du mistenkjer at du ikkje har vorte frisk, må du oppsøkje lege på nytt.

SKABB PÅ SKULE OG I BARNEHAGEN

Barn bør halde seg heime frå barnehagen eller skulen til dagen etter at behandling er starta. Det er elles ingen spesielle tiltak i barnehagen ved påvist enkelttilfelle ved barn som går i barnehagen.

KORLEIS KAN EG FØREBYGGE SMITTE AV SKABB?

  • Ta kontakt med lege ved mistanke om smitte.
  • Vi anbefaler vente med å ha nærkontakt til du har fått avklara situasjonen.
  • Gjennomføre behandling og tiltak nemnt over ved påvist smitte.
  • Ved påvist smitte skal ein unngå nærkontakt med andre, ikkje dele sengetøy, handduk og andre klede til etter behandlinga er gjennomført og tøy/tekstilar er vaska/behandla.
  • God handvask kan førebygge smitte. Bruk av spritdispenser har ikkje effekt.

 

Kjelder: