Meldeskjema for tatoverings- og holtakarverksemd

Kommunen har ansvar for å føre tilsyn med forhold i miljøet som kan ha innverknad på helsa. Flora kommune er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid mellom 13 kommunar,  Folkehelseavdelinga  i Florø har gjennom samarbeidet ansvar for å føre tilsyn med ulike verksemder som er regulert gjennom miljøretta helsevern-føreskriftene.

 

Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet m.v. / FOR-1998-05-06-581 (heimla i Folkehelseloven og  Smittevernloven ) har som mål å sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og førebygge overføring av smittsomme sjukdommar. Føreskrifta gjeld alle verksemder definert i § 3 i føreskrifta frisør-, hudpleieverksemder og verksemder som utfører tatovering, holtaking/piercing eller tilbyr anna behandling som inneber penetrering av hud og slimhinner.

 

  • Alle verksemder som utfører tatovering, holtaking og andre former for penetrering av hud/slimhinner skal godkjennast. Føreskrifta stiller krav til utforming av lokale, utstyr som vert nytta og hygieniske rutinar. Godkjenninga er knytt til lokale(t) som vert tatt i bruk. Verksemda i seg sjølv er ikkje gjenstand for godkjenning,  verksemda kan difor ikkje "ta med seg" godkjenninga til eit anna lokale eller drive ambulerande verksemd. Dette er heller ikkje å sjå som kvalitetssikring av behandling/tenester som verksemda utfører.

 

  • Kravet om godkjenning  gjeld all verksemd som tilbyr tenester/behandling som inneber eller som kan medføre gjennomholing/ penetrering av hud, og/eller skading/ destruksjon av hud (døme tatovering (herunder permanent makeup), holtaking/hol-i-øyre/ piercing, injeksjonar/botox/fillers, elektrolyse, bruk av kanyle ved ansiktspleie/utklemming, bruk av skalpell ved fotpleie, kjemisk peeling mv mv).

 

  • Tatoveringsverksemder, som berre yt denne forma for teneste/behandling, må hente ut eige søknadsskjema på denne lenka http://www.norsktattoounion.org/files/meldeskjema10.pdf og sende det til oss. Dersom verksemda tilbyr andre tenester som er omfatta av føreskrifta skal vedlagt skjema òg fyllast ut og returnerast til oss.

 

  • Frisørar-, hudpleieverksemder har meldeplikt til kommunen. Frisørar og/eller hudpleieverksemder som utfører såkalla enkel holtaking/"hol i øyrene" vil reknast som holtakarverksemder og må godkjennast.

 

 

 

Vi gjer merksam på at melding/godkjenning skal føreligge før lokala vert tatt i bruk. Vidare skal det sendast melding/søkjast om godkjenning når aktiv verksemd skiftar eigar eller dersom det er gjort større endringar ved lokala. Verksemdene er sjølve ansvarleg for å sende melding/søkje godkjenning.

 

Kommunen skal føre tilsyn med at føreskrifta vert etterlevd. Spørsmåla i skjemaet er knytt til konkrete regelverkskrav. Utforminga og omfanget av skjemaet gjer at vi enklare og meir effektivt kan danne oss eit nokolunde oversiktleg bilde over kvar einskild verksemd og få eit visst innblikk i rutinar. Meldinga bør innehalde kortfatta informasjon om verksemda, innrettinga, ansvarsforhold og aktuelle kontaktpersonar. Fyll ut punkta som er relevant for di verksemd, dersom det er behov for utdjupande kommentarar ber vi om at du tek i bruk vedlegg og viser til aktuelt punkt.

 

Folkehelseavdelinga kan hjelpe med rettleiing for dei som ønskjer det. Dersom meldinga avdekker forhold som gjer at krava i føreskrifta om helsemessig forsvarlig drift ikkje vert etterlevd, kan kommunen kreve retting etter Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) §14. Vi gjer merksam på at Folkehelseavdelinga/ kommunen kan gjennomføre tilsyn og eventuelt gje pålegg om retting sjølv om ei verksemd ikkje skal formelt godkjennast.

 

Dersom denne påminninga av ulike grunnar ikkje er relevant for deg/dokke, t.d. grunna nedlegging/flytting av verksemd ber vi om at du gir oss ei tilbakemelding om dette. Vi ber òg om at eigar/driftsansvarleg oppdaterer oss dersom drift/aktivitet skulle verte lagt ned/flytta i framtida.