Hygienekrav og tilsyn
Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie, tatoverings og hulltakingsvirksomhet stiller krav om at tatoverings- og holtakingsverksemd berre skal føregå i godkjende lokaler. Den som eig eller driv slik verksemd er ansvarleg for at verksemda vert driven på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å hindre overføring av smittsomme sjukdommar.
Alle verksemder som tilbyr perforering/holtaking i hud, dvs. piercing, "hol i øyrene" m.m. skal søke om godkjenning hos kommunen. Frisør-, hud-, og fotpleieverksemder som ikkje tilbyr holtaking har meldeplikt til kommunen ved oppstart. Kommunen fører tilsyn med verksemdene.
Piercing og tatovering
Piercing og tatovering kan overføre smittsomme sykdommer til personar ved stikk eller kutt, eller ved kontakt med skadd hud eller slimhinne. Smitte og overføring av sjukdom kan skje via instrumenter når desse ikkje er tilfredsstillande reingjort og desinfisert. Hudinfeksjonar kan oppstå ved hardhendt behandling eller ved uhell og når det vert stukke hol i huda.
For verksemder i kommunar tilhøyrande det intekommunale samarbeidet, skal sende søknad- og/eller meldeskjema til Folkehelseavdelinga. Skjemaet kan skrivas ut og sendast per post eller fyllast ut elektronisk.
Søknad- og meldeskjema frisør, hudpleie, tatovering og holtaking (DOCX, 62 kB)
Samtykkeskjema for holtaking (DOC, 39 kB)
Verksemder som kun utfører tatovering skal nytte skjema frå Norsk Tattoo Union. Skjema sendast til Folkehelseavdelinga.
Søknadsskjema for godkjenning av tatoveringsverksemd (PDF, 324 kB)(Norsk Tattoo Union)
Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie, tatoverings og hulltakingsvirksomhet