Treningssenter

Kommunen har ansvar for å føre tilsyn med forhold i miljøet som kan ha innverknad på helsa. Kinn kommune er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid mellom 7 kommunar. Folkehelseavdelinga i Kinn har gjennom samarbeidet ansvar for å føre tilsyn med ulike verksemder som er regulert gjennom miljøretta helsevern-føreskriftene.  

Paragrafane i meldeskjemaet er henta frå forskrift om miljøretta helsevern med heimel i folkehelselova. Formål med forskrift i miljøretta helsevern er å fremme folkehelse og bidra til gode miljømessige forhold, samt å sikre befolkninga mot faktorar i miljøet, blant anna biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale, som kan ha negativ innverkning på helsa.

Kommunen skal føre tilsyn med at føreskrifta vert etterlevd. Spørsmåla i skjemaet er knytt til konkrete regelverkskrav. Utforminga og omfanget av skjemaet gjer at vi enklare og meir effektivt kan danne oss eit nokolunde oversiktleg bilde over kvar einskild verksemd og få eit visst innblikk i rutinar. Meldinga bør innehalde kortfatta informasjon om verksemda, innrettinga, ansvarsforhold og aktuelle kontaktpersonar. Fyll ut punkta som er relevant for di verksemd, dersom det er behov for utdjupande kommentarar ber vi om at du tek i bruk vedlegg og viser til aktuelt punkt.

Folkehelseavdelinga kan hjelpe med rettleiing for dei som ønskjer det. Dersom meldinga avdekker forhold som gjer at krava i føreskrifta om helsemessig forsvarlig drift ikkje vert etterlevd, kan kommunen krevje retting etter Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) §14. Vi gjer merksam på at Folkehelseavdelinga/ kommunen kan gjennomføre tilsyn og eventuelt gje pålegg om retting sjølv om ei verksemd ikkje skal formelt godkjennast. 

Dersom denne påminninga av ulike grunnar ikkje er relevant for deg/dykk, t.d. grunna nedlegging/flytting av verksemd ber vi om at du gir oss ei tilbakemelding om dette. Vi ber òg om at eigar/driftsansvarleg oppdaterer oss dersom drift/aktivitet skulle verte lagt ned/flytta i framtida. 

Dersom det tidlegare er sendt melding jf. miljøretta helsevern, så ber vi om du/de gir oss ei  kort tilbakemelding om dette. Dersom dette ikkje er gjort så ber vi om at skjema vert fylt ut og returnert til oss.