Kinn Kommune

Legionella - kjøletårn, scrubbere og dusjanlegg

Legionella - kjøletårn, scrubbere og dusjanlegg

Klikk for stort bileteLegionella er ein bakterie med fleire underarter. Bakterien er vanleg i våte miljø i naturen. Bakterien overførast ved luftsmitte, dvs at bakterien vert trekt ned i lungene gjennom å puste inn aerosoler som inneheld bakterien.

Dei viktigste smittekjeldene er VVS-anlegg som kjøletårn, dusjanlegg og boblebad, men òg andre kjelder som avgjev aerosoler kan overføre bakterien. Legionella kan gje legionærsjukdom som er ein alvorleg lungebetennelse som i mange tilfeller resulterer i død. Kvart år smittast mennesker av denne sjukdommen i Norge, uten at ein alltid finn kjeldene.

Registrering og tilsyn
Alle verksemder med kjøletårn og luftskrubbere som nyttar ferskvann som kjølemedium, samt verksemder med badeanlegg, boblebad og badstuer har meldeplikt til kommunen. Det skal sendast melding til kommunen ved fyrste gongs oppstart eller ved vesentlege utvidingar eller endringar. Eigar av anlegga har ansvar for forsvarleg drift og reingjering, medan kommunen fører tilsyn.

 

Meldeskjema for verksemder med kjøletårn og luftskrubbarar (DOC, 59 kB)

 

For meir informasjon sjå:

Folkehelseinstituttet: Legionellose

Folkehelseinstituttet: Råd til kommunehelsetjenesten og til driftsansvarlige for større anlegg

Folkehelseinstituttet: Råd for forebygging av legionellasmitte i hjemmet

Folkehelseinstituttet: Forebygging av legionellasmitte - Vannrapport 123 - en veiledning (4.utgave)